Lettlest

Published on May 2nd, 2015 | by Ei soge ifrå Josef Arnsteinsòn

KROKKUSANE

Ein liten kommentar må du tåla. Var meint meir som humor enn noko anna. «sjå dei flotte krokkussane!» Utbryt Josef og følte seg i harmoni med naturen. « Det er vår Hanne J. Å min store gud for ei deilig kjensle.» Hanne stirrar lobotomert-apatisk inn i den knuste mobilskjermen sin. Snapchat, instagram eller melding. Kven veit? Berre Hanne veit. Kanskje ho trong eit avbrekk ifrå naturen. Ja, Hanne er kanskje lei av naturen. Ho har jo vakse opp på ei øy med mykje natur. Hanne likar ikkje sjå seg rundt. Ser mest på seg sjølv i speigelen når ho står i heisar. «Søren òg! Buksa som var svart er blitt grå!», furtar Hanne ut i tomlufta for 10.gong på 10 minutt. Ikkje nok med det! Ånei du, attpåtil kan ein glimtvis sjå dei vakre, bleiknaturlige leggane til Hanne. Ho har ikkje lange nok sokkar på seg. Ho ristar litt på hovudet, klør seg litt i rævholet og traskar vidare hand i hand med Josef. « Du ser ikkje dei gule krokkussane Hanne. Eg såg dei for fyrste gong i går! Dei er so flotte Hanne. Ååååå for ei deilig tid me har i vente no. Vårluft, sol og fjellturar ilag. Vert ikkje det berre heilt herlig?». Josef ventar på respons… Det drar ut… Josef kikkar bort på Hanne. Ho kikkar inn i den knuste skjermen nok ein gong. Grå bukse, snapchat, grå bukse, instagram, grå bukse, leggar, for korte sokkar, melding til Marie. Grå bukse, tar litt spytt på fingen og tørkar skit frå skoen. Dei fine skoa til Hanne. Dei svarte nye skoa, laga i ekte skinn frå eit stakkars dyr og skal etter tanken vara evig slik dei vert omtalt og oppbevart. Vedunderlege sko. Sko som varmar opp sjølvbiletet når du trakkar ned i dei. Ein gong fekk Hanne ein kommentar på skoa sine. «Kvar har du kjøpt dei» laud det frå den ukjende vedkomande. Hanne vart stolt. Som om dei var hennar eigen kreasjon. Kreasjonisten og fashionisten Hanne!

Josef klarar ikkje halde seg lenger, « Du ser vel litt på mobilen igjen du?» seier han med eit lite morroglimt i augnakroken. I raseri og forbannaskap kvestar Hanne til! Sagflis, stein, sand, flammar og spytt flaksar gjennom lufta som om dei hadde fått dragevengjer alt i hop. Alt landar i andletet på Josef samtidig. Han gjer eit kjapt estimat på kor mykje kraftimpuls andletet hans må stå imot når all den røyrslemengda skal stoggast. Fresiiiiiing og Hvesiiiiing!! Det svir. Det gjer vondt. « Ånei, kva har eg gjort! Eg har blitt saman med ei som ikkje har humor, ironi eller sjølvinnsikt» tenkjer Josef medan sjela hans vrir seg i smerte samstundes litt nøgd med å få litt oppmerksomhet. Godt og vondt på same gong. Mest vondt og litt galgen-godt.

Hanne stryk fingen sin på overleppa under nasen. Det luktar litt rævhol. Ho plar jo tross alt klø med den fingen.

Josef forklarar « Beklagar det berre datt ut av meg som ei tung bør ein er for svak til å bere.» Eg ville berre at du skulle sjå dei flotte krokkussane. Dei er så jæklades fine dei gule krokkussane. Ville berre at me skulle dele same kjensle her i naturen ilag. Eg vert så glad når eg ser krokkussar. Spesielt dei gule, for dei er best. Hadde dei berre vore kvite hadde eg kanskje ikkje sagt noko. Det er kanskje krokkussane si feil det tordenværet som no utspelar seg på ein liten sti i nygårdsparken. Hadde det ikkje vert for dei forbanna krokussane… Våren glei forbi som eit blaff i lufta og sommaren kom med all sin prakt og arroganse.




Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

Back to Top ↑