Aktuelt

Published on April 8th, 2016 | by SOLFRID MILJETEIG

HJELPEARBEID: EN ERFARING FOR LIVET

I januar reiste eg saman med Frida Snilstveit Hoem og mi veslesøster Ingrid Farrell til Lesvos i Hellas, for prøve å bidra i flyktningkrisa som pågår der nede. Denne ideen blei ganske spontant til på lesesalen, i ei av dei mange litt seige stundene i eksamensperioden; me ante derfor ikkje kva som venta oss, ingen av oss har erfaring med bistandsarbeid frå før. Den norske organisasjonen Dråpen i havet var mykje framme i media i tida rett før jul, då dei fekk ein pris for arbeidet sitt i Hellas. Det var derfor naturleg å reise med dei, då me har høyrt mykje bra om arbeidet dei gjer der nede.

På utkikk etter flyktningbåter som krysser over fra Tyrkia

På utkikk etter flyktningbåter som krysser over fra Tyrkia

I forkant av turen laga me ein facebookevent (som mange sikkert har sett), der me skreiv om prosjektet og starta ein innsamlingsaksjon av både penger og klede. Dette endte i at me fekk samla inn 20 000 kroner! Mange av donasjonane var frå matnatarar, det var blant anna ein student som donerte 5000 til oss! Så tusen takk til alle som har bidratt, både med penger og lykkeønskingar. Overraskande mange var støttande og engasjerte i prosjektet vårt! Og me føler verkeleg at me fekk brukt dei innsamla pengane på viktige ting, blant anna betalte me for eit lager, og har donert til ei gruppe tyske ”hippiar” som kallar seg for No border kitchen, som lagar varme måltid til flyktningane.

I tillegg til penger fekk me og masse klede og sko, så då me reiste ned drog me med oss store koffertar fullt opp med donasjonane. Etter ankomst skjønte me fort at me kunne spart oss slitet, det var så masse ting der! Donasjonane straumar inn frå heile verda til dei greske øyene. Me trøsta oss med at me fekk i det minste fekk oss ei treningsøkt.

Allerede første kvelden på Lesvos var det infomøte med Dråpen i havet. Dei arbeider slik at dei deler inn alle dei frivillige i grupper, og så får man tildelt skift. Strendene på Lesvos er delt inn i soner, og desse vert patruljert døgnet rundt. Så då køyrte me rundt i leiebilen vår og speida med kikkert utover havet på jakt etter båtar, og eg blei svært overraska kor utrulig nært Tyrkia var, det var liksom ”rett der borte”. Det føltes som ein kunne svømma over!

IMG_2836

Tusenvis av etterlatte redningsvester på øya Lesvos

Ein overfart verka derfor ganske udramatisk for meg, og det var først då det kom ein båt, at me skjønte kvifor det er så farleg. Me stod på stranda då me høyrte rykter om at det var ein båt på veg inn, ein med mange små barn i. Barna var skikkeleg kalde, og mange av dei eldre damene ombord hadde problemer med å gå, både fordi dei satt svært trangt, og fordi dei var forfryste. Før overfarten blir nemleg mange av barna og kvinnene gitt medikament for at dei skal vere rolege, dette fører til at særleg barna vert svært kalde, fordi det vert liggande heilt i ro under heile overfarten (i dette tilfellet fem timar på sjøen), noko som aukar sjangsen for hypotermi. Sjølv om det i nokre tilfelle skjer at båten kantrar, er ofte den største faren at flyktningane vert så nedkjølte at dersom ingen er der og gir dei tørre klede og transport, kan dei i verste fall fryse i hel.

Heldigvis gjekk det bra denne gongen, alle kom seg trygt i land og med livet i behold. Dette var faktisk den einaste båten me fekk tatt i mot, då opphaldet vårt på Lesvos skulle vise seg å bli kortare enn planlagt. For det var utruleg mange frivillige der i Januar, berre Dråpen hadde over 70 stykker. Så då me høyrte om ei anna øy, Samos, som verkeleg hadde behov for hjelp, bestemte me oss for å reise dit. Sidan Dråpen i havet ikkje er organiserte på denne øya endå, reiste me som uavhengig frivillige, som det så fint heiter. Me var til saman fem stykker som reiste til Samos, og der vart me godt mottatt, dei hadde verkeleg behov for hjelp.

Resten av opphaldet vart me derfor verande på Samos, og arbeida for greske Elena og italienske Val. Tøffe damer som gjer ein fantastisk jobb! Me var så heldige at me fekk bu gratis på ein nedlagt del av ein gamleheim (ikkje akkurat eit luksushotell, eg var kronisk bekymra for den utradisjonelle oppførselen til kloakksystemet: eg er sikker på at ting var på vei i retur). Dagane bestod stort sett av å sortera klede, sko, ting og tang på eit enormt lager (dei hadde fått donasjonar her og ja), og å gi flyktningane det dei måtte trenge. I tillegg prøvde me å skape god stemning i leiren (noko me selfølgeleg klarte), det var kanskje det viktigaste me gjorde. Eg kunne sikkert skreve ut heile matnatprat om opplevelsane våre, det skjedde utruleg mykje på desse to vekene! Men om det er noko som skal nevnast som satte spor, er det alle dei fantastiske menneska me møtte, både frivillige og flyktningar, det var mykje kjærleik.

ny1

Flyktningbarn i kø for å motta hjelp fra de frivillige

Sjølv om det føles som at me har gjort ein viktig jobb, verkar heile situasjonen litt håplaus. Krisa som pågår er stor, og kjem til å vare så lenge, det er framleis mange millionar syrarar på flukt. Det føles derfor ganske utilstrekkeleg å vere i Hellas, og sjå kor endelaus straumen av menneske som kjem er. Heile verda kan jo faktisk ikkje sleppe det dei har i hendene, og reise ned dit for å hjelpe til. Men noko kan alle gjere. Personelg trur eg det er nødvendig å skape bevissthet rundt det som skjer, og å tenke over kva desse menneskene har vore utsatt for.

For den lista er lang, heimstaden deira har vore bomba, dei har mista livsgrunnlaget sitt, blitt trua med våpen i mange tilfelle, og har reist illegalt over landegrenser. Mange flyktningar har også ein oppfatning om at reisa er over når dei kjem til Hellas, noko som ikkje tilfelle i det heile tatt. Så på sin tur vidare inn i Europa fortener flyktningane å bli behandla som medmennesker, bli møtt med respekt og eit smil. No trur eg ikkje at den flotte gjengen som tilbringar dagane på realfagsbygget har problem med å dele ut sine blendande smil dersom dei skulle støte på ein syrar eller afghanar, men eg vil oppfordre alle til å prøve å spre positive haldningar til asylsøkarar, for det fins dessverre mange negative haldningar blandt det norske folket.

Negative haldningar fins det og mange av generelt i Europa og eg ser skumle tendensar i korleis ting utviklar seg. Det er mange eksempel på dette, i Sverige vert innbyggarane meir og meir høgrevridde som ein følge av alle flyktningane landet har tatt inn, Ungarn bygger ein 175 km lang og fire meter høg mur for å stoppe straumen av flyktningar, til og med i Hellas, som har gjort veldig mykje bra, såg me diskriminering av flyktningane. Etter å ha blitt registrert på Samos, reiser dei nemleg med ferge til Athen før dei blir sendt vidare inn i Europa. På ein av desse fergeturane vart alle flyktningane tvinga til å sitte ute, sjølv om dei hadde samme billettar som alle andre, og det var mykje ledig plass inne på ferja. Denne turen er 11 timar lang og på nattestid, då det ofte kan bli minusgrader. Mange av dei som blei tvinga til å sitte ute var barn, og dei var ikkje godt kledd i det heile tatt. Eg får vibber til Berlinmuren, holocaust og apartheid. La oss lære av historien og ikkje gjenta fortidas feil. For dykk høres dette kanskje veldig fjernt ut, og det er lett å forstå, Norge har vært skjerma for mykje av krisa og straumen av flyktningar. Men faktum er at dette foregår i verda i dag, og kan etterkvart bli ein del av vår kvardag. Om det skjer; ha ein positiv haldning, ver eit medmenneske og oppfordre andre til å gjere det samme, det er det absolutt viktigaste ein kan gjereJ

 


About the Author



Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

Back to Top ↑