Forside

Published on November 12th, 2019 | by Andreas Handeland

Kvifor hatar vi nynorsk?

Kvifor hater vi nynorsk?

 

Sjå føre deg at du er ein ny student som kjem heile vegen frå Austlandet til flotte Bergen, berre for å bli møtt av ein haug med dokument som like så godt kunne vore skrive på Russisk. Dette er kvardagen for mangfaldige studentar ved UiB kvart år. Tal frå Utdanningsdirektoratet seier at i 2018 hadde 87% av alle norske elevar bokmål som hovudmål, så kvifor er det då slik at UiB brukar nynorsk som standardspråk på nettsidene sine? Kvifor er me så opptekne av at Bergen skal ha status som «Nynorskhovudstad»?

Sjølv om folk flest nok er godt kjend med korleis Noreg ende opp med to skriftspråk, tenkte eg likevel å byrje med ei kort oppsummering, då mange sikkert har denne kunnskapen grave ned bak mange år med diskutabelt meir relevant informasjon.  Noreg blei lausriven frå Danmark i 1814, men eit problem stod igjen: Skriftspråket var framleis dansk, sjølv om dei aller fleste ikkje snakka dansk. I tillegg stod språk som nasjonal status høgt i Europa på den tida, så i takt med andre land, slik som Finland og Færøyene, byrja også nordmenn å ta tilbake språket sitt – å «fornorske norsken».

Ein sentral figur i kampen for nynorsken var vår helt Ivar Aasen, som i 1853 gav ut Landsmålet, kor han hadde samla fleire norske dialekter i forsøket på å finne eit felles skriftspråk for oss nordmenn. Ei anna tilnærming var den Henrik Wergeland foreslo, kor det danske språket var utgangspunktet, og det vart utført ei fornorsking av dette. Dette blei sjølve grunnlaget for bokmål, og det skapte ein språkkonflikt som har gått føre seg til dags dato.

 

Portrett av Ivar Aasen

Folk flest seier at dei synast bokmål er enklast, sannsynlegvis grunna det faktum at 87% har bokmål som hovudmål i grunnskulen. Det er ikkje rart mange hater nynorsk når dei har hatt eit skriftspråk heile skuletida, og så blir møtt av eit nytt som ikkje berre er krevjande å setje seg inn i, men som samstundes har ein stor påverknad på det snittet ein brukar for å søkje høgare utdanning. Då norsk-karakteren er delt i tre, og pensumet er relativt irrelevant for det ein vel å fortsetje med, er nok dette ei kjensle mange her på dette instituttet har kjend på.

Ein kan enkelt sjå føre seg at nynorsk ville forsvunne dersom det var frivillig, så uansett korleis ein vel å løyse denne sidemålsdebatten er nok ikkje dette svaret. For å behalde nynorsk må ein nok innføre upopulære endringar som neppe vil gjere alle nøgde. Då ein såpass stor del av elevane har bokmål frå tidleg av er det største argumentet mot nynorsken at det er bokmål ein er vand med, så derfor bør man halde på dette. Men med slike argument vil det aldri bli gjort nokon endring, og dermed må det skje noko drastisk om ein skal innsetje nynorsk som den nye standarden.

 

I seinare tid har ein derimot merka ei endring i haldningar ovanfor nynorsken. Dette spesielt i Bergen, kor dei lokale meiner at nynorsk er ein viktig del av byens identitet. Dei er stolte over skriftspråket. Det er ikkje lenge sidan Høyres Harald Victor Hove brende ei nynorsk ordbok for å komme seg inn på stortinget, men dette ville neppe vore like populært i byen i dag. Unge Høyre er no for nynorsk som styringsspråk i Vestland fylke (som er den planlagde samanslåinga av fylka Hordaland og Sogn og Fjordane). Bystyret har vedteke sakar som omhandlar tidleg nynorsk i grunnskulen, samt å synleggjer nynorsken med fleire tiltak. Det viser at nynorsken ikkje lenger berre er for dei på bygda, men at den sprer seg til byane.

Samstundes er det også mogleg at dette skapar eit større skilje mellom lokale studentar frå vestlandsområdet, og dei som kjem reisande frå austlandet. Ved å synleggjere nynorsk på ein måte slik at det erstattar bokmål som standarden kan det gjere informasjon mindre tilgjengeleg for dei som har slitt med nynorsk som sidemål. I dei fleste tilfelle, slik som tiltaka frå Bystyret for synleggjering av nynorsk litteratur, er ikkje dette noko problem då det aldri vil erstatta bokmålet, det vil berre bli framstilt på lik linje. I dei tilfella der det tek plassen til bokmål derimot, slik som på startsida til UiB, kan det skapa forvirring.

Dette er derimot ei naturlig utvikling for å synleggjere nynorsken meir, og for å innføre denne som standarden. For å skape ei meiningsfull endring må det brytas med det mange er vand med. Ein vil ikkje oppnå noko merkbar endring av normene her i Bergen om ein ikkje testar desse grensene litt. At det blir vanskeleg å forstå informasjon på nynorsk påpeikar berre problemet ved at bokmål har vore eit såpass dominant skriftspråk. Sidan nynorsk fell nærmare det munnlege språket til dei fleste vestlendingar er dette ei naturlig endring som kanskje burde ha blitt gjort for ei stund sidan, for å unngå normaliseringa av bokmål som standardmål.


About the Author



Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

Back to Top ↑